CADA PIEZA VIVE EN UNA DIRECCIÓN · NADA VIVE EN UNA SOLA SALA  

PoetósferaLa BibliotecaArne Garborg

Arne Garborg · Vanguardias / s. XX

I Helheim — Vis-møy

noruego

Aat Folke som sankast

av vide Bygd

ho tèl sine Synir

fraa Hel og Høgd.

Ein Morgon styrkt

ho stend av si Seng

og til sitt vanlege

Arbeid gjeng.

Ho er den ho var;

men fredsæl Ro

ligg som ei Lysning

um henne no.

Ho er den ho var,

men ei Linne

hev lagt seg um hennar

Minne.

*

Ho fylgjer Lærdomen

mild og streng;

ho elskar den Vegen

ho stilt gjeng.

I annsame Aar

steller ho Môri,

til dess ho henne

lyt fylgje aat Jordi.

So stullar ho einsleg,

i Framvon glad;

Venir hev ho

all Stad.

Ho strider og strævar,

spinn og syr,

og hjelper og steller

Folk og Dyr.

Ruslar ved Vogge

og Sjukeseng;

hugsar og hyggjer um

alt som treng.

Men ein Ting vart tung

meir enn Von:

aa tilgjeva henne

som tok han Jon.

Ho stridde og stridde;

Viljen var rein,

men Kjøte det veike

lagde Mein.

Ho tenkte so tidt:

no er det gløymt.

Men berre so var det

djupare gøymt.

Ho tenkte: no hev eg

ned det lagt.

Men upp att det glødde

med meir Magt.

Ho stridde og stridde;

Viljen var god;

men djupt sat Syndi

i Kjøt og Blod.

Daa hjelpte Vaarherre

med Braae:

tok Jon ifraa deim

baae.

Daa hjelpte Vaarherre

med Ro:

tok Jon fraa deim baae

tvo.

*

Det var som det løyste seg

Band av Barm;

det lettna; ho vart som

so god og varm.

Veslemøy tilgav;

ho kunde no;

daa vart ho um Hjarta

so varm og god.

Ho tala til Enkja:

„lat vondt vera gløymt.

Eg ber ikkje Agg.

Det er alt som drøymt.“

Enkja stilt

i Graat stod:

„no hev Gud stilt

millom oss tvo.“

.mw-parser-output .wst-rule{background-color:#202122;color:inherit;width:auto;margin:2px auto 2px auto;height:1px}.mw-parser-output .wst-rule.wst-rule-left{margin-left:0}.mw-parser-output .wst-rule.wst-rule-right{margin-right:0}.mw-parser-output .wst-rule.__uirule{background-color:#a2a9b1;color:inherit;border:0;margin-top:0.2em;margin-bottom:0.2em}

Veslemøy eldest

fort ifraa daa;

men enno dei kann ho

paa Kyrkjeveg sjaa.

Ho studrar ofte

med Duk og Stav

til Kyrkja og helsar

Jon i hans Grav.

„Du var den fyrste

og vert den siste,

dess meir meg kjær,

av di eg deg miste.

Du var mi Sorg;

eg var di Brud;

no eig eg deg heil

og rein for Gud.“

Gjerne ho lìver;

glad vil ho døy;

til Vismøy er vorti

Veslemøy.

Sigue explorando

Por su autor
Arne Garborg · 83 piezas más en la casa
Dónde vive
La Biblioteca

← I Helheim — UppvegI Helheim — Vismennene →

Expediente

Autor
Arne Garborg
Título
I Helheim — Vis-møy
Lengua
noruego
Época
Vanguardias / s. XX
Sala
La Biblioteca
Identificador
ws-no-i-helheim-vis-my--arne-garborg-cd9a60
Cita recomendada
Arne Garborg, «I Helheim — Vis-møy», Poetósfera, poetosfera.com/p/ws-no-i-helheim-vis-my--arne-garborg-cd9a60.html

Las obras de dominio público se reproducen íntegras, con atribución y en la ortografía de su impreso. ¿Ves una errata o conoces una fuente mejor? Escríbenos desde Sobre la casa.