CADA PIEZA VIVE EN UNA DIRECCIÓN · NADA VIVE EN UNA SOLA SALA  

PoetósferaLa BibliotecaArne Garborg

Arne Garborg · Vanguardias / s. XX

I Helheim — Uppveg

noruego

Dei stend millom Morgon-

skyir og ser

løyste Sjælir

som upp fèr.

Løyste Sjælir

i kvite Lin

som upp stig

i Morgonskin.

Fraa Jordheims Dalar,

der spreidt dei vankar,

smaatt um Senn

dei saman seg sankar.

Saman seg sankar.

fraa Berg og Skjer

som kvite Fuglar

paa Flytjeferd.

Enno heng Saknad

i Hugen att

og Gru fraa den myrke

Daude-Natt.

Enno hev Saknad

og Sæle Strid;

saar er Skilnad

og Løynsningsrid.

Sorgmild gjeng Song

um den ljose Ferdi;

blidt dei helsar

til Avskil verdi.

Sorgmild gjeng Song

i stille Baarur;

Augo doggast

med Minne-Taarur.

Upp seg lyfter

den kvite Ferd;

den siste Sorgi

Hugane skjer.

— — Meir etterkvart

gjeng Stigen gjegn,

og meir leikar Sol

gjenom Taare-Regn.

Lengtane stig

Vandrar fegin;

Regnbogar byggjer seg

yvi Vegin.

Under Regnbogar

gjeng dei inn

i Himil-Høgdir

til Herre sin.

Trygge, glade

midt i si Sorg

naar dei stigande

Himilborg.

Høgare svell

Songen glad;

dei helsar sin Fridom

med Siger-Kvad.

Løyste, lyfte

Sjæline kved;

dei helsar med Fagnad

den store Fred.

— — Men sùme kjem utrygt

i einsleg Ferd

og tvilar, undrast:

„gjeng vaar Veg her?“

Dei stig, stoggar,

ser seg ikring:

„kann vaar veg gjera

so høg ein Sving?“

At dei skulde treda

Himil-Bru,

er noko som ikkje

dei kann tru.

Dei gjeng for Volva

med Uro-Tale:

„du segje oss Veg!

Me fer visst gale.“

Volva peikar

mot Skybergs Kamb:

„for stigande Sjælir

ber Uppveg fram.“

„Ja no,“ smiler Systeri,

„er det Tid

til Glede for deim

som stod sin Strid.

No stig dei i Siger

Lin

aat høgdi der Guds Ljos

skin.

No stig dei lett under

Bogar

aat Høgdi der Guds Ljos

logar.

Herrar frie

av verdi

fer dei den gode

Ferdi.

Løyste av Trollheims-

Snara

vinn dei det

som skal vara.

Her er den vigde

Stad,

der Sorgi tagnar

glad.“

Veslemøy.

Aldri høyrd’ eg so ven ein Song;

aldri var eg so sæl;

kann Mannaborn slik Hugnad njote,

kven gjev seg daa meir til Hel?

Aldri høyrd’ eg so sæl ein Song;

aldri drøymd’ eg slik Fagnad;

Syster, kven er dei Heilagmenni,

som fær denne ljose Lagnad?

Systeri.

Dei var ikkje Heilagmenne

meir enn du eller eg;

arme Synde Sjælir var det,

som valde den gode Veg.

D’er dei som med Sut og Saknad

— den heite sterke Lut —

fekk vondt og stygt og smaatt og ureint

svidt seg or Hugen ut.

D’er dei som ofra Live

og so det vann og trygde;

d’er dei som i Striden mot sjølve-seg

sjølve-seg nye bygde.

*

Dei stend for Inngangen

høg og stor;

der yvi les dei

eit ljost Ord.

Dei les yvi Inngangen

høg og prud:

„Her kviler dei sæle

som søv i Gud.“

Som Sjæline stigande

Høgdi vinn,

der stend Sankt Peder

og viser deim inn.

Han fagnar kvar Sjæl

med Helsing blid:

„vekomin heim

fraa den store Strid!“

„Velkomin heim,

og vel vere deg,

som fann og fylgde

Meistarens veg!“

— — Sùme modigt

slær stort paa;

Sankt Peder lèt det

med godom gaa.

I kved ein Konge

med kvass Tone:

„eg kristna eit Land;

kvar er mi Krone?“

Til svarar Sankt Peder

„inn du smett,

for du gav den faatøke

Enkja Rett.“

Ein Riking ropar

med djerv Bøn:

„eg bygde sjau Kyrkjur;

kvar er mi Løn?“

„Du slepp“, lyder Svare,

„Helheims Naud,

for du gav den sjuke

Stakkaren Braud.“

Ein Prest stig fram:

„Er Domaren du?

Ég hadde den einaste

rette Tru.“

„Gakk inn, du Son min,“

Sankt Peder kved;

du førde ei Fatik-

kjering ved."

Men til dei bljuge

som knapt seg vaagar

inn under hans ljose

Augne-Logar,

til Sjælir rædde,

ned-sedde paa Jord,

talar han milde

Trøyste-Ord.

Ein Arming stotar:

„eg er kje verd —;

det var kje mi Meining

aa koma her.

At hit eg er drivin

maa vera ein Spott:

eg hev visst aldri

gjort noko godt.

Eg er nok for ring

ein Mann til dess;

alle sa

eg var lite tess.

Fant var eg og skifte

med annan Fant

det vesle eg hadde;

det er nok sant.

Men det sagde alle

som visste det rette,

at Ugagn helst

eg gjorde med dette.

Eg skulde pint

paa mitt Smør og Mjøl

og lagt meg upp Pengar

og tenkt paa meg sjølv.

Send meg av

til mitt rette Rom!

Ser dei meg her,

fær eg verre Dom.“

Sankt Peter med ljose

Augo leer:

„Velkomin, Son;

du er heime her.

For deg og dine

du sleit som ein Mann,

og skifte med deim

som mindre vann.

Det Grautfat du godsleg

med stakkaren skifte,

er betre end baade

Bøn og Skrifte.

Herren i Naud

til deg kom;

du fagna han vel,

du gav han Rom.

Herren kulsa

i Vinter-Sut;

du gav han din siste

arme Klut.

Her hev du lagt upp deg

Skatten din;

di gange du trygt

til Kvila inn!“

Rædd skjelv den arme

Synde-Sjæl:

„du tek imist;

eg høyrer det vel.

Saag eg Herren

i Naud og Trong?

Hev eg hjelpt honom

nokon Gong?

Anna aa minnast

eg Stakkar hev;

kor greider eg vel

dette Syndebrev?“

Sund riv Sankt Peder

Synde-Breve:

„det Naudi du gav

er Herren gjevi.“

Han smiler høg

i sitt Bispeskrud:

„det gode du auka;

gakk til Gud!“

Ein annan stig fram:

„D’er nok altfor visst;

eg ser eg er farin

reint imist.

Eg skyna meg ikkje

paa Teologi;

og Kyrkja kom eg nok

sjeldan i.

Eg hadde knapt

noko vidare Tru;

so d’er nok best

di fyrr eg fær snu.

Eg var som ein Granskar, —

um det Ord gjelder;

kom elles ikkje

langt med det heller.“

Sankt Peder svarar:

„Du hev den Ros:

du var av dei Vismenn

som auka Ljos.

Trutt du søkte

og ærleg stod

og fast, og hadde

til Sanning Mod.

Her er Kjelde

og Utfalls Os

for Sanning; gakk inn

og finn meir Ljos!“

Ein annan kjem;

vil og snu;

høyrer kje hit;

hev ikkje Tru.

„Eg laga Musikk;

kva skal dei med den,

desse høge, heilage

Bønemenn?“

Sankt Peder smiler:

„du gjekk og drøymde,

og gjorde godt

og burt-att det gløymde.

Det fagre du dyrka

med Liv og Blod;

det fagre er Gud;

han vil vera deg god.“

Undringsglade

dei daa seg vaagar

inn gjenom dei straalande

Høgport-bogar.

Vaagar seg fram

i glad Snøgd

Vegen som ber

til den høgste Høgd.

*

Veslemøy.

Sæle mi Syster, du segje meg sant

det no eg vil deg beda:

kor kann desse arme Mannaborn

naa denne høge Gleda?

Den Kvardags Stakkar full av Synd

og urein og stygg og fæl,

kor kann han her i Ljos faa kvile,

kvitklædd og rein og sæl?

Systeri.

Den Kvardags Stakkar med Syndi si

seg inn i den Reinleik tøygde,

so ofte han paa si Stakkars Vis

i Kjærleik sin Vilje bøygde.

Dei mùna seg fram ein Mùn, so tidt

dei døyvde eit eggjande Ord,

og mana burt ein Illske-Tanke,

og Hemnsverk fraa seg svor.

So tidt dei gløymde sitt eigi

og Større-Kravi lydde;

so tidt dei styrkte det fagre paa Jord

og ufint og ufjelgt flydde.

Kvar Gong dei vann paa vesalt og vondt

dei klæddest i Reinleiks Skrud;

og naar dei auka Fred paa Jordi,

dei var ein Straale av Gud.

Veslemøy.

Eg bed deg vent, mi sæle Syster,

du spyrje den Spaa-Møy milde:

der inn i det ljose Rike med deg

ei Stund so gjerne eg vilde.

Systeri.

Volva ruggar sitt kvite Hovud,

sveipt i det svarte Flor;

og var du det høgste Heilagmenne,

den Bøni er for stor.

Ho ser paa deg, den høge,

med Sorgmod um bleike Kinn:

Likamen maa du av deg leggje,

fyrr der du kann koma inn.

Uppe i Høgheim straalar Gud

som tusund Solir um Tind;

du kunde aldri det Ljose timja, —

daa var kjær Syster mi blind.

Uppe i Høgheim klingar Gud

som Verdi var tonande Strengir;

det minste Vék av den Allheims Samklang, —

daa vaks deg Engle-Vengir.

Det minste Vék av den Allheims Samklang

fløymande rein og rik, —

du kunde kje lenger Jordi tòla

med alt hennar Skraal og Skrik.

Veslemøy.

Aldri ber dei meg Barn til Skirsle,

og aldri stend eg Brud;

gjerne døyr eg i denne Stundi,

um eg maa skòda Gud.

Systeri.

Det ser eg i djupe Volve-Augo,

din Traad er ikkje ut-spunnin;

og aldri maa du deg ynskje løyst,

fyrr rette Dagin er runnin.

Volva.

Heil av Helferd

du heim fare;

Bòd og Ærend

du bera skal.

Vel veit du

Visdoms Vegar;

Livs Leidine

lagdest for deg.

Gjeng med Jalm

yvi Jordi Dom:

alt vert uppbrent

som ikkje duger.

Heimen i Hat

og Hugsott gløder;

av øydest

i Ufred Verdi.

Men løynt og lognt

med Lidir svale

fritt ligg det fræge

Freds Rike.

Størst stend

millom store der,

ikkje Herjar

men Heimfredar,

ikkje Brennar,

men Byggjar og Bøtar,

Avlar og ikkje

Øydarvarg;

Herre heiter

høgast den,

som Lov lyder,

han lagde for seg,

og Vinnar den,

sin Vilje tvingar

og Hugen hardvikte

held i Taum.

Sæle dei spake

som sitt ofrar! —

erve dei skal

og eige Jordi.

Stor den sterkaste

stig or Duldo,

sankar sine

fraa sùd og nord,

fraa Vald vinn deim

og Velde gjev deim,

heilagt hegner

og høgt tryggjer,

Mannheim midt

i Mordheim vigjer;

alt i Kjømdi

han er for Synte;

Røystir i Audni

ropar hans Namn.

Fylg dei fredsame

fram gjenom Striden!

Einslege fèr dei,

men endaa sterke.

Sæl eg deg segjer,

du Sannings-valde;

godt skal fylgje deg;

far i Fred.

Burt bleiknar Volva

i Morgonglans,

og er ikkje meir

for Syn og Sans.

Veslemøy held

kjær Syster i Hand;

lett sviv dei yvi

det ljose Land.

Sjælesong gjeng

under Kvelvar stilt;

det dreg so mjukt,

det svæver so mildt.

Sjælesong stig

under Kvelvar linn;

varme fell Veslemøy

Taarir paa Kinn.

— — Alt løyser seg upp

i Ljos som skjelv

og Song stor

under høge Kvelv.

Veslemøy veit ikkje

kor det er vori;

ho sigler i Sky;

ho er paa Jordi.

Ho kviler i ljosnande

Vakning i blid;

fast i Hand

hev ho Syster si.

Ho kviler i linde

Vakning kurt

Systeri ljosnar

med Smil burt.

Ljosnar med smil

burt og kved;

stilt det syng

som or Lufti ned.

Systeri.

No maa me skiljast, kjær’ vene Syster;

Morgonsol renn for deg.

No have du Fred i ditt unge Hjarta,

og sæl du vandre din Veg!

Seg det du saag i Syni di

i Høgheim og Djupe-Dike:

Verdi vinn me naar upp me gjev ho,

og Rettferd søkjer og Rike.

*

Enn heldt Veslemøy

Handi varm

fast og tett

uppunder sin Barm.

Heldt Handi fast

med bedande Ord;

daa var det Handi

til Gamle-Mor.

Gamlemor bøygd

for Sengi sìt;

daa vart ho so glad,

ho av Glede grét.

„Aa, vaknar du, Veslemøv?

Aa, er det visst?

No trudde eg plent

eg hadde deg mist.

Kvit laag du og still

i Dagane sju; —

aa nei, er det visst?

aa nei, er det du?“

Mangt talar dei tvo

der yvi Sengi;

Veslemøy kviler

godt og lengi.

Og som ho att

vinn Magt og Mæle,

ho tèl sine Synir

fagre og fæle.

Moderi stirer

paa Dotteri bleik:

„Gud Takk, at du stapp

fraa den Leik.

Heilag maa du

visseleg vera,

som ut vart vald

til so stort aa bera.“

Sigue explorando

Por su autor
Arne Garborg · 83 piezas más en la casa
Dónde vive
La Biblioteca

← I Helheim — Ære-StolaneI Helheim — Vis-møy →

Expediente

Autor
Arne Garborg
Título
I Helheim — Uppveg
Lengua
noruego
Época
Vanguardias / s. XX
Sala
La Biblioteca
Identificador
ws-no-i-helheim-uppveg--arne-garborg-f0a840
Cita recomendada
Arne Garborg, «I Helheim — Uppveg», Poetósfera, poetosfera.com/p/ws-no-i-helheim-uppveg--arne-garborg-f0a840.html

Las obras de dominio público se reproducen íntegras, con atribución y en la ortografía de su impreso. ¿Ves una errata o conoces una fuente mejor? Escríbenos desde Sobre la casa.