CADA PIEZA VIVE EN UNA DIRECCIÓN · NADA VIVE EN UNA SOLA SALA  

PoetósferaLa BibliotecaArne Garborg

Arne Garborg · Vanguardias / s. XX

I Helheim — Ære-Stolane

noruego

Fram dreg ei ferd

med Staak og med Dur;

dei slær paa Trumbe,

dei blæs paa Lur.

Svartklædde Mennar

aalvorsame

kallar paa Folke

med Rop rame.

Mengd vil dei hava

og Muge stor;

talar so veldigt

sitt Vekkjar-Ord.

Harskar og ubbar seg,

blæs, frøser,

og upp seg sjølv

med skrik øser;

dundrar med Smell

og Ordi runde

mot alle dei andre,

som er dei vonde,

dei som hev

Verdi kjær

og ikkje med desse

vil fylgje paa Ferd,

ikkje med desse

vil gjera Lag

og vera Stridsmenn

i deira Slag,

ikkje med deim

sverja Pakt

mot Dyre og all

Djevelens Magt,

og ikkje med deim

fram søkje

mot Kyrkja, den store

Babylon-Skøkje.

Og høgt dei mæler

og lyser Dom

og skræme-skrik

som den ville Lom;

men Hel-Elden brenn

under Kaape-Fallar,

og Dyre hev merkt deim

i deira Skallar.

Lengi dei ropar;

ingin vil svara;

ærendslaust maa dei

av att fara.

Veslemøy.

Kven er det som held det store Staak

og blæs for seg i Trompetar?

Systeri.

Den ville, flakkande Oskereid,

det er dei falske Profetar.

Dei dundra med Dom, dei hekste med Harm,

der millom Folke dei fór;

letta sitt stakkars vonde Hjarta

med mange stygge Ord.

Lærarar vart dei og Heilagmenne

og Ljos som vide blenkte;

dei sagde „Sanning“ og „Raade“ og „Gud“,

men sjølve-seg var det dei tenkte.

Dei ropa heilage Namn og Ord,

men vilde aat sjølve-seg Magt;

dei vilde hava det skræmde Folke

under sin Vilje lagt.

Kyrkjur vilde dei rive

og reise nye aat seg;

Dyre var deira rette Herre,

og nedetter bar deira Veg.

Meistar-Mo breider seg

svidd og brend;

der rundbygt og høgt

Brageberg stend.

Der kravlar som Maur

ei myrjande Ferd

med Hamar som hastar

i Tevleferd.

„D’er Meistrar,“ kved Systeri,

„ære-tyrste;

kvar vil vera

i sitt den fyrste.“

Til Topps dei hastar

fraa laage Hólar;

der stend dei høgreiste

Ære-Stolar.

Til Topps dei vil

i Sprang eller Sìg;

men Vegen vert trengre

Stìg for Stìg.

For kvar som vinn seg

eit Fét fram,

hundra glid ned att

med Harm og Skam.

Men dei som vinn upp

den bratte Lid

fær øvst paa Toppen

sin verste Strid.

Fast sìt dei gamle

med Kransar og Kjolar

og vil ikkje upp

or dei høge Stolar.

Og her gjeld kje Sverd

eller Lanse-Stong;

her maa ein vinne

med Kunst og Song.

Dei leikar og kappast

den lange Dag

med Kunstir og Stev

av nyaste Slag.

Dei kappast og viser

Sløgdine sine,

til arme Gamlingar

vrid seg av Pine.

Dei kappast med Slaattar

og Tonar fæle,

so Gamlingar misser

Maal og Mæle.

Dei leikar med Nidstev

og Spe og Spit,

til Gamlingar misser

Sans og Vit.

Dei braakar med Magt

dei lempar med List;

det lyt vel ein Gamling

upp til sist.

Men seg-imillom

dei verst tevlar;

alle hastar

og ingin hevlar.

Vinn det ein

aat ein Stol seg fram,

tie vert undan-

trengde med Skam.

Og nye Tevlarar

skyv deim av Led

og sparkar deim utfor

Berge ned.

Men rømer ein Gamling

av Stolen rædd,

daa vert den unge

med Kransen klædd.

Fagna vert han

med Festkvad kaldt;

so sìt han og undrast:

var dette alt?

Til dess den næste

tevlande Gut

fær pint han med ny Kunst

or Stolen ut.

Daa vert han slengd

ifraa Ære-Kuv

ned i det botnlause

Gløymsle-Djuv.

Veslemøy.

Kva hev desse Stakkarar broti

som gjeng her seg sjølve til Spe?

Skalden.

Saart under Domen tung maa Skalden kvide,

som hugtryllt sveik si Songmøy vigd og vald.

Snart glødd i heite Skam hans Sjæl maa svide

og snart han skjelve maa i Rædsle kald.

Og aldri, aldri kann han ut faa lide,

for di han vart ein Ljugar for ein Skald.

Ja gjekk han Æva lang i Syrgjeklæde,

han bøter aldri upp det spillte Kvæde.

Eg skulde songi det som ung meg glødde

i Elsk, i Glede, i den heite Harm,

det Liv som nytt igjenom Strid seg fødde,

den heite Vilje og den sterke Arm,

den Hug som saar i svære Offer blødde,

og endaa gav og gav i Kjærleik varm.

Men kloke Sjølvhug kald med Lygnir sine

eg skulde banna ned i Helheims Pine.

Eg skulde lært dei herresjuke skjelve,

som høgg og riv med Tonn og kvasse Klo,

og vil sitt Velde yvi Verdi kvelve,

og syg seg mette av uskyldigt Blod,

og øyder Arbeid, trampar Eng og Kjelve,

som rik med Gras og heilag Aaker stod;

ja Herrens Dom i Songen skulde jalma,

til Valdsmenn brotne ned i Mold var malma.

Det Live var som strengt meg baud aa kveda,

den Herrens Eld som djupt i Hjarta brann;

igjenom meg si Bøn det vilde beda,

i meg det Orde for sin Vilje fann;

eg skulde bori Sorgi fram, og Gleda,

og tolka Livsens Lov med Tone sann,

og alt som stengt og bundi Hjarto trengjer,

det skulde tala høgt paa mine Strengir.

Men alle mine sterke Kvad eg gøymde

og Livsens Méd og Maal og djupe Grunn.

Og Herrens Ord eg veik og vesall gløymde,

og song til late Svevn med kjælin Munn.

Det Verdi var som Skaldehugen tøymde

og tamd meg køyrde um seg sjølv i Tunn.

Eg gløymde kveda og eg lærde stava,

og laga det som Mengdi vilde hava.

No gjeng eg einsleg her i Natti aude

og sliter vonlaus Langsemd utan Tòl,

og kved for Audni tom og Viddir daude,

og ingin høyrer paa mitt Klagemaal.

Det verre er, enn um i Elden raude

eg laag og vreid meg som den nakne Aal.

Ja heller steikt paa Rist og glødde Røyrar,

enn svive kvadsprengd her forutan Høyrar!

I Verdi er eg gløymd, og ingin nemner

det Namn som ein Gong var so høgt i Rop.

Dei som eg undan trengde no seg hemner;

no er det dei som eig den store Hop.

No er det dei som fram mot Høgdi stemner,

og kvar dei kjem det Kviskring vert og Kóp.

Eg magtlaus er. Og tomt min Klage tonar;

det spillte Kvad eg aldri uppatt sonar.

Sigue explorando

Por su autor
Arne Garborg · 83 piezas más en la casa
Dónde vive
La Biblioteca

← I Helheim — NedvegI Helheim — Uppveg →

Expediente

Autor
Arne Garborg
Título
I Helheim — Ære-Stolane
Lengua
noruego
Época
Vanguardias / s. XX
Sala
La Biblioteca
Identificador
ws-no-i-helheim-re-stolane--arne-garborg-ef1189
Cita recomendada
Arne Garborg, «I Helheim — Ære-Stolane», Poetósfera, poetosfera.com/p/ws-no-i-helheim-re-stolane--arne-garborg-ef1189.html

Las obras de dominio público se reproducen íntegras, con atribución y en la ortografía de su impreso. ¿Ves una errata o conoces una fuente mejor? Escríbenos desde Sobre la casa.