CADA PIEZA VIVE EN UNA DIRECCIÓN · NADA VIVE EN UNA SOLA SALA  

PoetósferaLa BibliotecaArne Garborg

Arne Garborg · Vanguardias / s. XX

I Helheim — Vismennene

noruego

Inn dei sviv

i ein Steinheim stengd;

d’er Kluft etter Kluft

i Berge sprengd.

D’er Dal etter Dal

i Berge brotin,

alltid djupare

inn skotin,

alltid trongare

millom Eggir

med alltid brattare

Skiljeveggir.

Fullt det kravlar

i Kluft og Dalar

med Hamar som høgt

i Harm talar,

bøygde, skjeggkvite

Brillemenn,

som ropar og preikar

alle i Senn,

langkjole-klædde

Sellar snaale,

som skvakkar og gøyr

med Skrik i Maale.

Kvar Kluft og kvar Dal

er fyri bygd

med Borgir og Portar

til Vern og Trygd;

paa Murane øvst

morske og snøgge

Vaktmennar sìt

som gjæter gløgge,

blæs med Magt

paa Luren sin,

naar nokon dei ser

vil trengje seg inn

som hev kje paa Kjolen

Skurden og Lage

og ikkje Brillur

av rette Slage.

Der er ei Basing,

der er eit Bal;

d’er Ufred jamt

millom Dal og Dal

og Tevling strid

i kvar Kluft,

kven best kann verja

Grunn og Tuft

mot all Aagang,

rett og paa Sned

fraa ymse Sidur

og kvar Led;

og best i Ord

er best funnin;

for her til Vapn

brukar dei Munnen.

Det gjeng gjenom Kluftir

ein Olster-Gny

som fraa Marknads Torg

i den store By;

det hurrar og surrar

um Haug og Hól

som fraa det uppskræmde

Kvefsebol,

kvin og kvell

med Pip og Læte

som Vinden tyt

imot Vestan-Væte.

Og verst brenn Hat,

som Feber og Pest,

der det um Kjærleik

vert tala mest.

D’er Kluft imot Kluft

og Mann mot Mann;

dei fiktar so lengi

dei skrike kann;

d’er Hop imot Hop

i Hernad fæle;

dei fiktar so lengi

dei fær upp Mæle.

Det huver fraa Haug,

det yler fraa Ufs,

skvakkar og gøyr

med Glam og med Glufs;

Eiter-Pilir

og Eldklegg flyg;

eitt Ord kann ein skilja

„De lyg! De lyg!“

Men midt i sitt Staak

dei utrygt glor,

og liksom skjemmest

av eigne Ord;

midt i sitt Mod

dei rædde vankar,

og naaljos-blaae

brenn kalde Tankar.

Volva.

Skrik seg skire

til skiljande Tale!

Rop.

„De lyg; Det er Tøv

og Tufs!

Det ser me fraa vaar

Ufs!“

„De lyg og æveleg

laug;

det ser me fraa vaar

Haug.“

„Det hjelper ingi

Trætte;

vaare Brillur viser

det rette!“

„Fast stend, kva i Verdi

som brest,

at vaare Brillur

er best!»

„Kvar kann gjenom vaare

sjaa:

her einast er Løysning

aa naa!“

„Gjenom vaare, dei einaste

reine,

er Sanning aa finne

aaleine!“

„Den Sanning ber nord

og ned;

hjaa oss aaleine

er Fred!“

So gjeng det Kjas

og det Kiv;

Hat flengjer og Harm

riv.

Det fløymer med Ord

og kyngjer;

Menn trutnar av Eldklegg-

styngir.

Veslemøy.

Kva er det for Naud som jamrar her;

kva er det for Staak og Skrik?

Systeri

Det er dei sjau hundra tusund Vismenn,

som held ein Livnad slik.

Dei tekst og trættast i Ævordoms Tid

um Lærur og Visdoms-Grunnar,

til Mæle visnar i haase Hals

og Tunga i mødde Munnar.

Veslemøy.

Men dei som hev Rett maa vinne til Slutt

og faa for si Sanning Ære?

Systeri

Urett hev dei alle saman

med all si rette Lære.

Veslemøy.

Kva er det for Runemerke,

dei hev i si skrukkute Panne?

Systeri

D’er Merke aat Dyre. Dei søkte Magt,

som skulde søkt det sanne.

Dei søkte Magt og sin vesle Vyrdnad

og Meistar-Namn og Ros

som skulde i døkke Mannaheimar

nørt det ævuge Ljos.

Dei søkte Tilheng og Medhald

og Mengd som paa deim trudde;

Sanningi harde dei heller daa

lempa so smaatt og snudde.

Strenge var dei i Læra,

men slog paa Sanningi av;

no gjeng dei her og tærest og turkar

i faafengde Ordstrids Kjav.

Men det er verste Suti

og Harmen tregefull,

at dette dei so maa fyri fikte,

det ser dei sjølve er Tull.

Veslemøy.

Kva bind dei arme, at ikkje dei

til Fridom kann Vegen finne?

Systeri

Det er den brennande Aabryskap:

dei andre maa ikkje vinne!

Sigue explorando

Por su autor
Arne Garborg · 83 piezas más en la casa
Dónde vive
La Biblioteca

← I Helheim — Vis-møyKor hev det seg? →

Expediente

Autor
Arne Garborg
Título
I Helheim — Vismennene
Lengua
noruego
Época
Vanguardias / s. XX
Sala
La Biblioteca
Identificador
ws-no-i-helheim-vismennene--arne-garborg-fec4bd
Cita recomendada
Arne Garborg, «I Helheim — Vismennene», Poetósfera, poetosfera.com/p/ws-no-i-helheim-vismennene--arne-garborg-fec4bd.html

Las obras de dominio público se reproducen íntegras, con atribución y en la ortografía de su impreso. ¿Ves una errata o conoces una fuente mejor? Escríbenos desde Sobre la casa.