CADA PIEZA VIVE EN UNA DIRECCIÓN · NADA VIVE EN UNA SOLA SALA  

PoetósferaLa BibliotecaArne Garborg

Arne Garborg · Vanguardias / s. XX

Haugtussa — Stjernefall

noruego

Fram daa stiger dei gamle,

Kvende og sidan Menn,

tel sin Herre alt dei hev gjort,

kvar i si Bygd og Grend.

Fanden flirer so blidt og stort

til deim alle.

*

Finnekjerring.

Eg manar Sott paa Folk og Fe,

og sender Flugo den gule;

eg løyser Storm; eg spiller Fred

med Ordi rauge og fule.

Fantekjering.

Eg lærer Draapsmann den kalde Ro

og Tjuv aa dirke Laasen;

eg trollar so Kui mjølkar Blod

og stuper daud paa Baasen.

Gulklædd Kjering.

Eg Mistru set millom Møy og Gut

med snikjande Trylle-Ordi;

eg veit, naar Mann og Viv fell ut,

daa visnar Grase paa Jordi.

Ei mager Kjering.

Eg vekkjer vondt millom Mann og Mann

og Tankar som Tru kann tære;

eg veit, naar Ovund kjem rett i Brand,

kann alle det vonde lære.

Krylrygg-Kjering.

Greide Menn med det faste Mod

eg kann slett ikkje like;

eg legg deim Vanhug i valne Blod

og lærer deim aa svike.

Kjering som blinksar.

Eg kverver Syn paa Gjenta holl,

at ilt ho for seg skal byte;

ho kastar seg burt til Fark og Troll

og maa ihel seg syte.

So øydest Live i kalde Harm,

og ned ho krøkjest og kruknar;

Hjarta klakar til Is i Barm,

og alt ikring henne sjuknar.

Troll-Kokke.

Eg trollar Ørske paa svikne Møy,

der Barne ho eid i Skjole;

ho løyner det burt, ho læt det døy;

so fær me Steik til Joli.

Halvnaki Trollkjering.

Paa Viddi med meg flyg tryllte Gut,

til Hold og Heile blotnar;

sistpaa sìt han i einsleg Sut

med Reivar um Arm og rotnar.

Brille-Kjering.

Eg vil at Live visnar i Knupp;

daa skal me snart oss hevja;

eg vekte Kvinna or Svevnen upp

og lærde henne krevja.

No gjeng ho sterk sin Krevjarveg;

ut vil ho allting teige;

og berre daa vil ho gifte seg,

naar Mannen vil Borni eige.

Trollmann med ein Bolle.

Skall Mannen til Gagns me gjera tam,

so maa kje Øle dovne;

med det eg trollar Viljen lam;

for det maa Vite sovne.

Nakin Trollmann.

Med friske Arbeid og jamne Trorr

vert Mannen oss altfor hardbeitt; —

eg lærer Folk aa lìva godt,

fyrr Løni dei upp hev arbeidt.

Trollmann med ei Øks

Bygd mot Bygd av blide Kaar

eg saman paa Kniven jagar;

og alt dei avla i aatti Aar

er spillt paa atte Dagar.

Trollmannen Likeglad

Det lite er um den sterke Kar,

naar av han høgger Neven;

eg preikar Fred i Hønsegard,

fyrr eg hev bundi Reven.

Trollmann med eit Ris.

Eg trollar i Haug dei leikande Smaa'

og klæd deim i Trælebroki;

naar ut dei kjem, kann dei inkje sjaa;

eg batt deim for Augo med Boki.

Trollmann med ein Sekk.

Av Synd og Sorg er Sekken full

som tung meg tyngjer Herdi;

med Laas og Lekkje av Sylv og Gull,

eg trollbatt heile Verdi.

Armod vesal i Villa gjeng

og Sjæli og Skinne plagar;

Rikdom vrid seg i Puteseng

og rotnar av gode Dagar.

Trollmann med ei Svìpu.

Eg vil rikje og eg vil raa,

og eg vil for alle tenkje;

der eg gjeng fyri skal alle gaa;

sjølv vil eg i Brodden blenkje.

Trollmann med tvo Andlit.

Eg manar Elvi til stilt aa staa

og bind i Skùming Døgre;

eg vil baade fram og attende gaa

og baade til Vinstre og Høgre.

No stend mi Bygd som den stille Dam

med Ròt or rare Dyr i;

ho sik ikkje att, ho vinn ikkje fram;

snart er ho berre Myri.

Hesteskjerar.

Smaamann skal ha det store Rom

og styre paa Smaamanns-Gjerdi;

daa dreg han alt ned i Amodsdom,

og det vert trongt i Verdi.

Og den som var skapt til veldigt Verk,

skal sitja blid ved Rokken;

eg tek hans Manndom, og Guten sterk

vert blaut som den andre Flokken.

Aale-Trollmann.

So mang ei Uferd eg Arming fór;

no treisk eg med Trollkunst fiktar;

Split eg vekkjer med range Ord

og Vildring, naar braadt eg svigtar.

Kann ein kje vinne i opin Strid

so kann ein som Fant seg klara;

den Visdom lærde eg Byrgdi mi;

med den skal ho ille fara.

Trollmann med Mulehand.

Eg lærer Folke det stille Svik,

som alltid laagare bautar;

so mang ein god Gut er alt meg lik

og tegjer naar Urett brautar.

Svartebrødrar.

Me sutrar Salmar og Bønir gneg

og mullar Lov og Vangilje,

til Folk trur dette er Livsens Veg,

og gløymer Livsens Vilje.

Diger Trollmann.

Eg stor Mann um i Bygdi dreg,

men smaatt so tidt eg gjorde,

at den som lærer aa kjenne meg,

han trur kje meir på store.

Litin Trollmann.

Um eg er veik, so veit eg Raad:

kvar den som vann upp Aasen

Finskòt eg sender or Løyndekraa

og Motbør or Skravelposen.

Ingin er so hjarteleg glad

som Smaaing naar smaatt ban fær tenkje;

eg fær dei med meg alle paa Rad,

naar stort eg med stygt kann krenkje.

Eit Beinrangel.

Eg sender Daudskòt i valne Bring,

so magtlaust dei maa seg bøygje;

dei ser seg leide paa alle Ting

og legg seg til aa døye.

— — — — — — — — — —

— — — — — — — — — —

*

Fanden priser med Fagnad stor

sine Tenarar gode;

«held stødt de fram, skal Live paa Jord

vel sjaa sin Aftanrode.»

Rundt han svinsar og hev eit Ord

til deim alle.

Kvar daa fær seg eit Svaavelband

til Stas paa Kjoleborden;

d'er det stærste ein vinne kann:

den høge Langrove-Orden.

Naadig nikkar den svarte Mann

til deim alle.

Men Ære den som Ære bør;

best skal den beste beite;

ein vert Riddar og ein Kommandør,

men Basen fær Storsvins heite.

Fanden helsar med lyfte Klør

til Deim alle . . .

Sigue explorando

Por su autor
Arne Garborg · 83 piezas más en la casa
Dónde vive
La Biblioteca

← Haugtussa — SporvenHaugtussa — Sundagsro →

Expediente

Autor
Arne Garborg
Título
Haugtussa — Stjernefall
Lengua
noruego
Época
Vanguardias / s. XX
Sala
La Biblioteca
Identificador
ws-no-haugtussa-stjernefall--arne-garborg-b2334c
Cita recomendada
Arne Garborg, «Haugtussa — Stjernefall», Poetósfera, poetosfera.com/p/ws-no-haugtussa-stjernefall--arne-garborg-b2334c.html

Las obras de dominio público se reproducen íntegras, con atribución y en la ortografía de su impreso. ¿Ves una errata o conoces una fuente mejor? Escríbenos desde Sobre la casa.