CADA PIEZA VIVE EN UNA DIRECCIÓN · NADA VIVE EN UNA SOLA SALA  

PoetósferaLa BibliotecaArne Garborg

Arne Garborg · Vanguardias / s. XX

Til deg, du Hei og bleike Myr

noruego

Til deg, du Hei og bleike Myr

med Bukkeblad,

der Hegre stig og Heilo flyr,

eg gjev mitt Kvad.

Til deg, du visne Lyng um Haug,

der Draumar sviv,

eg gjev min Song um Dimd og Draug

og dulde Liv.

Eg kjenner deg, du Trollheim graa,

du Skugge-Natt!

Eg rømde rædd; men stundom maa

eg sjaa deg att.

Eg kjenner deg, du Havsens Marm

med Galdre-Song;

du gauv meg Gru i rædde Barm

so mang ein Gong.

Eg kjenner Striden tung og sein

mot Trolldoms Vald.

Gud hjelpe oss for brotne Bein

og Mannefall!

Eg kjener deg — eg kjenner deg,

som ikkje vann! —

Eg saag din Strid, eg veit din Veg

i Skugge-Land.

Eg røynde sjølv den Striden stygg

i mange Aar,

med ville Mod, med bøygde Rygg,

med svære Saar.

Du um meg sviv, du hjaa meg sit,

du arme Aand!

I meg du enno riv og slit

i dine Baand.

Eg veit det vel: dei sterke Troll,

den Vilje rik;

ein Baat i Foss, eit Kvad i Moll,

sløkkt i eit Skrik. —

*

Men Lerka stig fraa gløymde Grav

med Sigers Ljod;

og Vinden stryker inn av Hav

so frisk og god.

Og um me kjenner Graat og Gru

og Saknad saar,

so maa me Lerkesongen tru,

som lovar Vaar.

Sigue explorando

Por su autor
Arne Garborg · 83 piezas más en la casa
Dónde vive
La Biblioteca

← Svarte-KatekismaVed Gjætle-Bekken →

Expediente

Autor
Arne Garborg
Título
Til deg, du Hei og bleike Myr
Lengua
noruego
Época
Vanguardias / s. XX
Sala
La Biblioteca
Identificador
ws-no-til-deg-du-hei-og-bleike-myr--arne-garborg-f0c1d3
Cita recomendada
Arne Garborg, «Til deg, du Hei og bleike Myr», Poetósfera, poetosfera.com/p/ws-no-til-deg-du-hei-og-bleike-myr--arne-garborg-f0c1d3.html

Las obras de dominio público se reproducen íntegras, con atribución y en la ortografía de su impreso. ¿Ves una errata o conoces una fuente mejor? Escríbenos desde Sobre la casa.