CADA PIEZA VIVE EN UNA DIRECCIÓN · NADA VIVE EN UNA SOLA SALA  

PoetósferaLa BibliotecaArne Garborg

Arne Garborg · Vanguardias / s. XX

Haugtussa — Fyrivarsl

noruego

Veslemøy ligg og drøymer

i Morgonstundi graa

og ser si sæle Syster

for Sengebenken staa.

Mjukt fløymer det kvite Lakan

ikring den Skapnad fin;

so vent det skimrar og lyser

med underlegt Bivreskin.

Eit Staup av Sylve klaare

i magre Hand ho bèr.

Dei store stille Augo

med Sorg paa Veslemøy ser.

«Du arme, unge Syster!»

ho kved med kjærleg Sut,

«her er den Kalken djupe,

som du skal tøme ut.

Du hev den tyngste Lagnad

som nokon her kann faa.

Det som i Natti seg løyner,

det skal du skilja og sjaa.

Di legg det svikefulle

Snaarur i Vegen din

og lillar lint og lokkar

og tryller ditt unge Sinn.

Aa sjaa deg, sjaa deg fyri!

Du hev so myrk ein Veg.

Men naar du ut vil glide,

eg er ikkje langt fraa deg.

Aa sjaa, aa sjaa deg fyri!

Vegen er myrk og glatt.

Men ljuv er ljosnande Morgon

alt etter den tunge Natt.»

Veslemøy vak med Glede

vil helse si Syster god.

Daa lyste gjenom Rute

den fyrste Morgon-Glod.

Den sæle, kjære Syster

gleid burt i Ljosken linn.

Det drogst ein Sukk som døydde

i vaknande Morgonvind.

Sigue explorando

Por su autor
Arne Garborg · 83 piezas más en la casa
Dónde vive
La Biblioteca

← Haugtussa — FriHaugtussa — Gnavlehòl →

Expediente

Autor
Arne Garborg
Título
Haugtussa — Fyrivarsl
Lengua
noruego
Época
Vanguardias / s. XX
Sala
La Biblioteca
Identificador
ws-no-haugtussa-fyrivarsl--arne-garborg-f4ef8b
Cita recomendada
Arne Garborg, «Haugtussa — Fyrivarsl», Poetósfera, poetosfera.com/p/ws-no-haugtussa-fyrivarsl--arne-garborg-f4ef8b.html

Las obras de dominio público se reproducen íntegras, con atribución y en la ortografía de su impreso. ¿Ves una errata o conoces una fuente mejor? Escríbenos desde Sobre la casa.