CADA PIEZA VIVE EN UNA DIRECCIÓN · NADA VIVE EN UNA SOLA SALA  

PoetósferaLa BibliotecaArne Garborg

Arne Garborg · Vanguardias / s. XX

Haugtussa — Ein Søkjar

noruego

Fram kryler ein kaapeklædd, gullkrynd Mann

med Reiv um sin bøygde Skalle;

Kaapa er sulka, som hadde han

i djupaste Dye falle.

«Aa Helvìt-Herre, aa høyr mi Bøn!

Eg er ein Konge i Pine;

og deg eg søkjer um Hjelp og Løn,

for no er eg ein av dine.

Mange lika den lette Leik

eit rolegt Land aa herja; —

eg gav meg Fanden og mannsleg sveik

det Folk eg skulde verja.

Men sidan rædde dei burt seg dreg

og lite signar Verke;

og Folke stirer stygt paa meg;

det ser Forraadar-Merke.

Aa tak det av meg, eg bed deg blidt,

du Overherre sanne,

so atter eg kann lyfte fritt

mi høge Herrepanne!»

Fanden skriv i Boki hans Namn

og flirer av Hjartegrunnen;

so tek han den merkte Drott i Famn

og kysser han glad paa Munnen.

«Meinsvorin Munn hev ein Svaavelsmak,

som alltid eg like kunde.

Og vel vere deg som bar mi Sak!

Eg trivst der Folke er bundi.

No stend du skrìvin med Judas inn;

det er den øvste Æra.

Men Svidemerke paa Skallen din,

med det kann eg Inkje gjera.

Det maa deg fylgje i Liv, i Grav,

i Sogu og Skuggeheimar;

d'er slikt, det læt seg kje svide av

i alle Helveites Eimar.»

Sigue explorando

Por su autor
Arne Garborg · 83 piezas más en la casa
Dónde vive
La Biblioteca

← Haugtussa — Ein BêleHaugtussa — Elsk →

Expediente

Autor
Arne Garborg
Título
Haugtussa — Ein Søkjar
Lengua
noruego
Época
Vanguardias / s. XX
Sala
La Biblioteca
Identificador
ws-no-haugtussa-ein-skjar--arne-garborg-fab212
Cita recomendada
Arne Garborg, «Haugtussa — Ein Søkjar», Poetósfera, poetosfera.com/p/ws-no-haugtussa-ein-skjar--arne-garborg-fab212.html

Las obras de dominio público se reproducen íntegras, con atribución y en la ortografía de su impreso. ¿Ves una errata o conoces una fuente mejor? Escríbenos desde Sobre la casa.