CADA PIEZA VIVE EN UNA DIRECCIÓN · NADA VIVE EN UNA SOLA SALA  

PoetósferaLa BibliotecaArne Garborg

Arne Garborg · Vanguardias / s. XX

Gamlemor ventar

noruego

I mjuke Kòle-Ljose

ved Omnen glødd og varm

ho Gamlemor snur paa Rokken sin

og tøygjer den magre Arm.

Um skrinne skrale Lìkam

ligg Kjolen grov av Ull.

Hovude bøygjer seg sveipt i svart, —

ein nikkande Klædetull.

Med skrukne Knokehandi

ho dreg den lange Traad.

Rokken knurrar sin gamle Song,

som lite ho høyrer paa.

Rundt Golv um gamle Veggir

som Bøyg i krulla Ring

gaper den skùme Skugge-Natt

og gløyper alle Ting.

Viker og fram-att dreg seg

or Myrkeheimen stor

og blundar stilt og geispar tomt

og drøymer rædd og glor.

Upp av den graae Skùming

stig som ei Aand or Grav

Gamlemor sin Skugge

vittande att og av.

Og Rokkeskuggen sviver

paa Veggen skakk og graa,

og Hovud-Tullen nikkar smaatt

mot Rokken til og fraa.

Og Kòla brenn so dauvleg,

og Kòla brenn so blaatt;

Mor tekst med tunge Tankar:

er noko tids i Nott?

Det græt um Nòvine ute,

det dunkar i Vegg og smell;

ei Uro prikkar i Barmen:

er noko tids i Kveld?

Daa stansar Rokken braadt,

og Kroppen lyer stiv;

ho høyrer Stìg; det spring

som galdt det Sjæl og Liv.

Ho høyrer Stỳn og Sukk

og strøypte Andedrag;

ho høyrer Bøn til Gud

og liksom Hjarteslag.

Ho reiser seg og gjeng

uroleg att og fram

og krossar seg og bed:

«aa Jesus, du Guds Lam» . . .

Og Klokka gjeng so seint,

og Klokka gjeng so smaatt,

og Klokka døyr og stansar . . .

— «Aa gjer det fredt i Nott!»

Og ute er det svart,

og ute er det stygt,

og ute uler Vinden;

— «aa gjer det fredt og trygt!

Og midt paa svarte Heid,

der flyg den Arming no

med Ryggen kald av Rædsle;

aa send ho heim i Ro!

Eg høyrer inkje meir . . .

Aa, hjarteleg eg bed,

aa send mi Veslemøy

til Mor si heim med Fred!» —

Daa høyrer ho paa nytt

den same skræmde Gang,

det same Andetak,

det same Livsens Sprang.

Upp Døri flyg med Brak;

inn stuper Gjenta kvit

med Munnen turr og opin,

med Augo utan Vit . . .

«Mor — Mor, eg er so rædd.

Her er so stygt og svart.

Og, du, — i Grave-Heid,

der saag eg noko rart» . . .

«So, Barn; her er du trygg.

Her naar deg ingin Draug.

Kom, set deg. Vart du skræmd?

Eg høyrde kor du flaug.

Her; drikk ein Drope Mjølk.

Og roa deg ei Rid.

— Eg kvakk! So vel eg aldri

visst høyrde Fylgja di.»

Sigue explorando

Por su autor
Arne Garborg · 83 piezas más en la casa
Dónde vive
La Biblioteca

← Eit SpursmaalHaugtussa — Bergtroll →

Expediente

Autor
Arne Garborg
Título
Gamlemor ventar
Lengua
noruego
Época
Vanguardias / s. XX
Sala
La Biblioteca
Identificador
ws-no-gamlemor-ventar--arne-garborg-563b67
Cita recomendada
Arne Garborg, «Gamlemor ventar», Poetósfera, poetosfera.com/p/ws-no-gamlemor-ventar--arne-garborg-563b67.html

Las obras de dominio público se reproducen íntegras, con atribución y en la ortografía de su impreso. ¿Ves una errata o conoces una fuente mejor? Escríbenos desde Sobre la casa.