Her vil eg kvila fraa Storm og Strid,
kvila fraa Sut og Ankar,
sova i Ro til Herrens Tid,
trygg for dei rædde Tankar.
Ende ho hev, den Vandring lang;
legg meg stillt i Jordi sitt Fang!
God som ei Mor ho gøymer
Baane som svevnsælt drøymer.
Legg meg stillt i den djupe Grav!
Mild ho den mødde fagnar.
Alt eg synda i Livsens Kav,
her det stillnar og tagnar.
Heilag legg seg um Gravi ned
Soning sæle og Minne-Fred.
Den som eg verst hev valde,
tilgjev meg fyrst av alle.
Herren høgaste, Heimsens Drott,
Live meg gav aa strida, —
vèl han visste og saag det godt,
alt eg i Synd laut lida.
Lyfter han daa si Aasyn mild,
lyser Fred yvi Kvila still.
Lat som Klokkune klinga!
Fri er eg no um Bringa.
Kvila vil eg i Freden stor
her under Himlen ljose.
Vent paa Gravi um Vaaren gror
Villgras og mjuke Mose;
Sporven gjer sine Sveivar og Sving;
Humla surrer so brun i Kring;
Live, seg stødt vil fræva,
sælt skal den daude svæva.