CADA PIEZA VIVE EN UNA DIRECCIÓN · NADA VIVE EN UNA SOLA SALA  

PoetósferaLa BibliotecaArne Garborg

Arne Garborg · Vanguardias / s. XX

D'er kje greidt

noruego

Aa Stakkar kor du kulsar, du snilde Smalen min,

i dette Ruske-Regne og denne vaate Vind!

Der under Alve-Steinen, der er ei Livdekraa;

der fær du inn-aat kryle og prøve um du maa

Lindring faa.

Men Kui ho vil heim att; det er so stridt eit Jag;

ho hev kje Fred i Marki paa slik ein Regnvêrsdag.

Men tomt det er i Lødo; kva skal me gjera der?

Me fær no heller stogge og freiste um me fær

noko her.

Attunder Rundehaugen, der er kje fullt so stridt;

der fær me trøyte Tidi, du gode Bùje mitt!

Og kanskje Huldri slepper oss inn ei Stund hjaa seg;

ho veit kor vondt me lider i Dag paa Gjætle-Veg,

dé som eg.

Alt tek det til aa renne ned etter Ryggen min;

ufysi er det vaate innpaa det varme Skinn!

Og Foten sokk i Myri, og Hol der er paa Taa,

og vaat og tung vart Stakken; aa snilde Ku, du maa

roleg gaa.

Eg frys, so snart eg fær vel min Styng innunder Barm;

daa lyt eg heim meg skunde til Mor i Stogo varm.

Daa fær eg skifte Klæde og kvile meg ei Stund;

og dé fær Mjøl og Syddre og gode, varme Bruun

aat svoltne Munn!

Sigue explorando

Por su autor
Arne Garborg · 83 piezas más en la casa
Dónde vive
La Biblioteca

Dei hyller sin Herre →

Expediente

Autor
Arne Garborg
Título
D'er kje greidt
Lengua
noruego
Época
Vanguardias / s. XX
Sala
La Biblioteca
Identificador
ws-no-d-er-kje-greidt--arne-garborg-9b9768
Cita recomendada
Arne Garborg, «D'er kje greidt», Poetósfera, poetosfera.com/p/ws-no-d-er-kje-greidt--arne-garborg-9b9768.html

Las obras de dominio público se reproducen íntegras, con atribución y en la ortografía de su impreso. ¿Ves una errata o conoces una fuente mejor? Escríbenos desde Sobre la casa.